XYZ - ein kriminell kortroman

"Orsak, er det ledig her?" Svein, som har fokus på musikken, kjenner ei hand på skuldra. Han snur seg, ungjenta som spør peikar på den ledige plassen ved bordet."Jada, jøss,versågod og sit ned."

Vanlegvis ville han kjent på både angst og klamme handflater ved slike høve. På jazzklubb, med nokre øl innabords, kjenner han seg trygg. Jenta kjem tilbake med ei flaske raudvin, smiler og rekkjer han handa. "Hei, Trine her. Fin musikk i kveld."

"Hei, hei, Svein her. Alltid fin musikk på Malla." Dristig å svara slik, det er hans fyrste kveld på Malla.

"Går du her ofte?" spør ho.

Akkurat, tenkjer han, straffa for å lyga var ikkje langt unna. "Vel, det hender, i helgane. På langt nær kvar helg." Svein er nøgd med eige svar. Bandet tek spelepause, han blar nervøst i avisa. Det er dette, lett og ledigt småprat, han er dårleg på.

 

Unge Svein Neset søkjer lukka i Oslo, ein sterk kontrast til barndomen på bygda. Gjennom nokre dramatiske månader opplever han kjærleik, uro, gode vener, dårlege vener og ... drap.

XYZ er ein krimroman, tidfesta til hausten 1977. Boka er lettlest med god rytme og flyt i setningane.  Landets politiske og kulturelle tilstand står sentralt i handlinga, som også sveipar innom tidlause tema som kjønnsroller, omsorgssvikt og overgrep.

Responsen frå lesarar har vore udelt positiv. Eit lite utval finn du under "Lesarane skriv."

 

Odelsguten og Odelsgut i solnedgang - muntre småhistoriar

"Odelsguten" vart ein stor suksess då den kom i 2017, og er pr. idag trykt i 3 opplag. Forfattaren skriv, med ein stor dose humor, om opplevingar frå oppveksten, illustrert med eigne teikningar. Oppfylgjaren, "Odelsgut i solnedgang", kom året etter.

I føreordet til "Odelsguten" står det å lesa: 

"Dette er ei bok av - og om odelsguten på Skogasel. Små kvardagshistoriar der interessa for idrett er tema fleire gonger. Forfattaren freista frå tidleg barndom å realisera ein draum om å bli kjent idrettsutøvar. Han var innom mange idrettar, men same kva, han mangla det mest grunnleggjande, talent. Odelsguten skriv ærleg om dette, difor er fleire av historiane svært triste. Er du som lesar ein følsam person, kan det difor vera greitt å ha eit lommetørkle for handa."