Oddvar Skogasel, f. 1955, frå Strandebarm i Hardanger. Odelsgut, sauebonde, pensjonist og forfattar.
"Oddvar var svært evnerik og vart i ungdommen tilrådd utdanning på høgskulenivå. Det tykte han lite om, som arbeidsvant odelsgut styrte han vidareutdanninga mot snarleg yrkespraksis. CV'en inneheld eksamen frå handelsskule, yrkesskule og sjølvsagt ... jordbruksskule.
Gjennom eit langt liv har odelsguten farta land og strand på leit etter draumejobben. Det har gjeve han breid, varierande arbeidsrøynsle langt utover det som er vanleg. Oddvar har i lange periodar arbeidd som puncheoperatør, teknisk teiknar, kontorleiar, kundehandsamar ved Opplysningen, landmålar, barnehageassistent, lærar og lagersjef. For å nemna noko.
Ved inngangen til pensjonistlivet var han framleis på leit. Så kom han i hug nokre ord frå norsk lærarinna på Vatles Handelsskule:
-Oddvar, du kan bli ein vidgjeten forfattar - dersom du sjølv vil!
Det vil han ..."